top of page

Regn før Iseldfugl

  • Forfatterens bilde: Araceli G. Ø
    Araceli G. Ø
  • 14. nov. 2025
  • 2 min lesing

Då eg kom til Noreg, for snart ti år sidan, kjende eg at det første eg måtte gjere, var å finne vegen inn i språket. Difor byrja eg på programmet Vaksenopplæring i Vinje, sjølv om det for meg var noko meir: ein terskel, ei slags innviing i ei anna verd.


Eg hugsar at ein dag, midt i ei skriveøving, sa læraren min, Halvor Otterholt, til meg: «Skriv det du vil.» Og det var som om dei orda tende ein liten flamme. Då våga eg å skrive eit dikt, på norsk. Då eg synte det til han, sa han at det hadde musikalitet. Eg visste i stilla at dette hadde kome fram av rein intuisjon — eller kanskje av eit mysterium som er eldre enn sjølve språket — for då kunne eg berre nokre få ord. Likevel klarte eg å skrive:


 

DET KOMMER REGN


Det er september her,

trær skifter fra grønt til rødt,

du kan føle ro og nostalgi,

det kommer regn.

Fossene faller som brudeslør,

det er kald og det er lite sol,

regnbuer vises vanligvis,

det kommer regn.

Sommerfargene endres om høsten,

endringer er en del a livet,

kun endringer er konstant.


 

Kort tid etter deltok eg på ein skriveverkstad i Tokke kommune. Ut frå den erfaringa vart antologien Skriveverkstad i Tokke og Fyresdal — våren 2018 — ein antologi til. Boka vart gjeven ut, og i dag ligg ho i Nasjonalbiblioteket i Noreg. Difor kan eg seie at som publisert poet vart eg fødd her, i dette landet i nord.


Ti år seinare vil Ave de hielo ígneo – Iseldfugl sjå dagens lys den 18. november, ei bok som handlar om migrasjon, i ei tospråkleg utgåve på norsk og spansk.

Her kjem eit dikt frå denne boka:

 

Vi er komne

I hjarteslaget til kjøtmeisa

som minner meg om røysta til cenzontlen,

vaknar blikket til dei gamle att,

dei som vandrar med hjartet

i ro, i sanning.

Andedraget deira held oppe samspelet

med jorda vi kjem frå,

og jorda vi kjem til.

Steget deira er minne av røter.

Og i det glimet

som oppstår mellom ljoset frå ei sky

og mørkeret frå ei anna,

opnar gåva frå universet seg:

Blomen stig fram,

songen stig fram,

og i dei vender ånda attende –

som å bli fødd på ny på dagen 1 sol,

i Arabygdi.

 

Eg har halde fram med å skrive fordi eg var så heldig å møte lærarar som vekte det eg alltid har elska: poesien. Noreg og folket her har gjeve meg rom, stemme og veg å gå. I denne generøse handlinga kjenner eg at også dei trur på dei små draumarane.


Slik går eg vidare, mellom kulden som skjerper minnet og varmen som ein uventa heim tilbyr, skrivande som den som tenner eit lys i snøen: lite, men i stand til å opne ein veg.



Kommentarer


bottom of page