top of page

Samtidslitteratur frå Møre og Romsdal: Kaldhol og Ødegård

  • Forfatterens bilde: Araceli G. Ø
    Araceli G. Ø
  • for 4 døgn siden
  • 2 min lesing

Oppdatert: for 3 døgn siden

No er det oktober, og eg tenkjer at Noreg er eit fantastisk land, fullt av vakker litteratur. Eg vil starte denne litteraturbloggen med å dele norsk samtidslitteratur frå Møre og Romsdal. Særleg vil eg rette merksemda mot to forfattarar: Marit Kaldhol og Knut Ødegård.


Marit Kaldhol er fødd i 1955 i Ålesund. Ho har hatt eit langt og variert forfattarskap og har motteke fleire litterære prisar gjennom karrieren. Kaldhol har vore ei viktig stemme i norsk litteratur sidan 1980-talet, og ho har gitt ut fleire diktsamlingar som har blitt godt mottekne både av kritikarar og lesarar. Ho er utdanna lærar og har budd i ulike delar av landet, men tilhøyrsla til Vestlandet og Ålesund er framleis tydeleg i livet og arbeidet hennar.


Knut Ødegård vart fødd i 1945 i Molde. Han debuterte som lyrikar på 1960-talet og har sidan vore ein sentral skikkelse i norsk kulturliv. Ødegård har hatt mange roller – som forfattar, kulturarbeidar, omsetjar og leiar for ulike litterære institusjonar. Han har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg har han vore ein viktig formidlar av norsk litteratur i utlandet og ein sentral person i det litterære miljøet i Møre og Romsdal.


Til dette prosjektet vil eg lese tre diktsamlingar av kvar forfattar. Desse er:


a) Marit Kaldhol:

  • Den einaste kjolen

  • Likevel

  • Alt skal sjå ut som fløyel


b) Knut Ødegård:

  • Kringsjå

  • Mitt kvite hår i vinden

  • Tida er inne


Denne lesinga og analysen vil vere grunnlaget for eit kommande intervju med forfattarane. Eg vil velja ut tre dikt og omsetje dei til spansk.I neste blogginnlegg vil eg dele korleis det har vore å bli kjend med desse forfattarane som eg set så høgt.


ree

 
 
 

Kommentarer


bottom of page